SENSUELL AUTORITET

av Elin Judith Straumsvaag og Mona Knudsen (foto), Ikkevold   Pages 1, 2, 3, 4
Caroline Waters: Sensuell autoritet

Artisten Caroline Asplin var verdskjent i Noreg som barnestjerne. Ho er godt i gang med å byggja seg ein ny karriere - også internasjonalt, no med sterkare uttrykk og nytt etternamn.

For fire år sida kom CD-en Compassion, og først i år vart det ei ny utgjeving: Konsertopptaket Talk With Eve.

  • Kva er nytt i musikken din og tekstene dine sidan Compassion?
  • Nytt! Caroline fyller rommet med med latter som sprengjer seg opp frå magen og innerste luftblæra i lungene.
  • Det er vanskeleg å svara på, men arrangementene er røffare. Meire funky. Tekstene er varierte frå før, men eg håper dei er betre. Tekstene på Talk With Eve er om ikkje anna meir tilgjengelege.
  • Talk With Eve er teken opp "live". Eg er mykje meir glad i og nøgd med meg sjølv no og det syner seg i uttrykket mitt ut åt publikum. Eg slepp meg meir laus, dansar på scena - alt dette smittar over på musikken.
  • Kva ønskjer du å formidle?
  • Bra musikk!
  • Det er mykje rart som opptek meg og eg må uttrykkja meg. Viss ikkje vert eg spenna gæern. Musikken og orda er eit bilete på kva eg er oppteken av nett no. Bitar av livet mitt: Kjærleik, kampen og ikkje minst gleda. CDen er eit samansurium av dei siste tri åra.
  • Kunne du ha vore ein skrivebordspoet?
  • Eg er født artist - eg kunne ikkje greidd meg utan denne merksemba. Eg treng feedbacken frå publikum.

To mørkeblå auge, omkransa av ein tjukk raud hårmanke, kikkar beint og stødig på journalisten.

  • Men har du noko "bodskap"?