- Søkjer du inspirasjon og krefter frå andre kunstformer?
- Eg likar å lesa, får att mykje med å lesa romanar og dikt. Aller gjevast er samtalen med andre menneske. Det å vere i lag me andre er det eg søkjer mest. Eg ser andre artistar og, både utanlandske og norske.
- Du er ikke en typisk kunstnartype?
- Eg er eit sosialt dyr. Eg går på veggen viss eg er for lenge åleine. Da tyr eg til telefonen og vert sittande ei tid...
Caroline ler av seg sjøl.
- Utafor musikken, kva opptek deg?
- Ungar og kvinners levekår. Eg er relativt aktiv oppteken av arbeid mot misbruk av barn og kvinner. Eg har arbeidd mot pornografi, til dømes mot desse fælslege snuff-filmane, der kvinnene faktisk på ordentleg vert maltrakterte og drepne. Eg kan nok engasjera meg i enkeltsaker att, men eg ser det meir som min jobb å formidla kjensler og vekkja folk på det området. Eg ønskjer å sjå heilskapen.
Caroline fortel vidare om eit rituale ho deltok i ein gong. Starhawk (Miriam Simos) fra USA leia seansen. Dei som var med skulle minnast ein person som var død og eit eller anna som dei hadde fått frå avdøde. Med dansen skulle dei feira det dei hadde fått. Ringdansen tok til å verta villare og villare. Trommene høgare og høgare og raskara og raskare. Høgt og intens, så på grensa til at kontrollen smuldra bort. Caroline tok til å ottast for koss leiaren skulle samla trådane igjen. Få deltakarane "ned att". Starhawk stilde seg litt attom nokre av dansarane og tok til å nynna lågt på ein song. I løpet av eit og halvt minutt var det dørgande stille.
- Eg var imponert og ikkje minst overtydd om at det er ikkje med bomber og makt ein når fram. Ingen vinn i det lange løp med vald og bråk. Eg har tru på at vi lyt komma i kontakt med kjenslene og får å få til det lyt vi setja ned tempoet. Stilla er det einaste som overdøver bråket.
KJÆRLEIK
- Talk With Eve ver gjeve ut av plateselskapet MTG og Sony distribuerer, har du like stor kontroll som da du ordna alt sjølv?
- Eg har full kunstnerisk kontroll, men som eg nemnde tidlegare er dette konsertopptak og med det kan eg ikkje bestemma tone for note, slik eg gjorde det på Compassion. Her let vi det stå til, og tek med glede med oss småfeil. Vi ville ha trøkket, og det fikk vi.