Er det tilfeldig at du går ut med at du er lesbisk no i samband med lanseringa av Talk With Eve?
Eg har ikkje gått ut med at eg er lesbisk. Det eg har gått ut med er at eg gifta meg med Elisabeth. Og at eg i samband med giftarmålet tok namnet hennar. Det er det manga grunnar til, mellom anna at eg ville stå på eigne bein som artist. Det ville bli lettare for meg å halda på med mitt, dersom eg ikkje heile tida måtte stå fram som dottera åt Per Asplin.
Eg har i mange år vorte spurt om eg ikkje ville stå fram som lesbisk, men eg har hevda at det høyrde til privatlivet.
Reaksjonar?
Eg får brev frå menneske som no tør stå fram sjølve, forhold åt venner og familie. Flott at eg gjennom å stå fram får andre til å sleppa taket. Sjølv vert eg småirritert over at dette vert nokon sak: Kor lenge skal ein verta diskriminert berre avdi ein soknar til ei minoritet? På den andre sida er det deileg å sleppa alle mistydingane, no veit folk at eg er gift med Elisabeth.
Kva trur du på?
Eg trur på kjærleiken. Det er eit enkelt gudebilete. Kjærleik er livskraft, får verda til å gå rundt og får hjartene til å banka. Eg likar filosofien om at alt liv er heilagt og skal handsmast med vørdnad - det vera seg menneske, tre eller dyr.
Kva medfører dette i kvardagen?
Eg har vorte ein mykje dyktigare lyttar. Eg ser lettare venleiken ikring meg. Det er i seg sjølv ein stor rikdom. Med innstillinga om at alle er like mykje verd, går ein andre i møte på eit anna vis. Ein får ein mykje større vilje til samarbeid og konfliktløysing. Nokre av dei problema eg har hatt med kristendomen er maktordninga: Mennesket over dyr. Herre over mennesket. Mann over kvinne, og så bortetter. Eg trur dette fungerer dårleg. Alle lyt starta i nærmiljøet og med det må vi prøva å elska og å godta oss sjølve. Vi må først endra vårt eiga indre, og med det så får vi ringeffekt utover.